
Heim for 300 menn
I ein landsby nord for Uzhgorod ligg ein institusjon som er heim for om lag 300 menn med psykiske og fysiske lidingar. Ein annan stad i provinsen finst ein tilsvarande institusjon for kvinner.
Denne “heimen” vart etablert under Sovjet-tida på 1950-talet, og bygningane er i svært dårleg forfatning. Dei 300 mennene har svært avgrensa fridom, og lite tilbod av arbeid og fritidsaktivitar. Mesteparten av tida vandrar dei mållaust omkring innanfor murane utan mykje å ta seg til.
Me skulle eigentleg har starta eit prosjekt med å pusse opp nokre av romma sommaren 2010, men måtte utsejte dette på grunn av vanskar i samband med leiinga der. Våren 2011 har stiftelsen sett i gang utbetring av uteområde, slik at mennene har ein normal plass å sitje utandørs. Det vert bygd to enkle paviljongar som har til føremål å skape aukt trivsel for menneske i ein vonlaus livssituasjon.