
Barneheim langt aust i Transkarpatia
Langt aust i provinsen ligg ein barneheim for psykisk utviklingshemma born. Det bur om lag 300 born med ulik grad av utviklingshemming. Dei fleste borna har ei eller anna form for autisme eller cerebral parese.
Barneheimen har nokre støttespelarar i Tsjekkia. Men deira støtte er langt frå tilstrekkeleg til den lange lista av ting som må fiksast. Den noverande direktøren gjer ein god innsats for å betre tilhøva, etter mange år med forsøming og forfall.

Sviktande avfallshandtering
Me kom dit fyrste gong vinteren 2010, og vart straks rysta over å sjå tilhøva der. Utandørs flaut søppelet, og borna gjekk og trakka i det, og det tiltrakk rotter og andre skadedyr. Stiftelsen finansierte sommaren 2010 byggjing av eit søppelskur som har forbetra avfallshandteringa betydeleg.
Våren 2011 har me fått førespurnad om å hjelpe til med oppussing av storkjøkken og matsal. Dei noverande tilhøva er nemleg helsefarlege og samsvarer ikkje med lovpålagde normer. Stiftelsen Treba har kjøpt eit større parti med fliser som skal leggjast, og som vil betre tilhøva både for born som kan ete i heimen sin matsal, og for det tilsette ved kjøkkenet.