Mottakarar
Stiftelsen Treba hjelper alle slags menneske i alle aldrar, uavhengig av trusvedkjenning, etnisk gruppe eller bakgrunn. Dei fleste mottakarane av hjelp er fattige familiar, eldre, handikappa, kronisk sjuke og foreldrelause born.
Dei fleste som stiftelsen hjelper, høyrer til den russisk-ortodokse kyrkja, som naturleg nok er det største trussamfunnet i Ukraina. I tillegg finst det ein del romersk-katolske, gresk-katolske, reformerte (Kalvinistar) og baptistar som mottek hjelp.
Det er ei målsetjing for oss å syne respekt overfor dei ulike trussamfunna som den enkelte tilhøyrer. Gode gjerningar gjort med eit audmjukt sinnelag er som oftast eit godt grunnlag for å skape kontakt og gjensidig forståing.
Stiftelsen hjelper ikkje berre ukrainarar, men også folk som tilhøyrer minoritetsgrupper som til dømes ungararar, sigøynarar og jødar. Det skjer ofte at det blant desse folkeslaga er ekstra store utfordringar kring fattigdom, nettopp fordi dei som minoritetar har vanskar med å nå opp i det ukrainske samfunnet.