Kor me hjelper
Vårt arbeid er retta mot den vesle byen Uzhgorod med ca 112.000 innbyggjarar, og nærliggjande landsbyar. Uzhgorod er hovudstad i provinsen Transkarpatia, som grensar til både Polen, Slovakia, Ungarn og Romania. Her finst difor mange ulike kulturar, folkeslag og språk. Sigøynarar utgjer ein særleg synleg og utsett minoritet.
Lokale utfordringar
Provinsen er prega av høg arbeidsløyse, alvorleg kriminalitet og store sosiale problem. Alkoholisme, forureining og stadige naturkatastrofer utgjer også ein konstant trugsel mot liv og helse.