Stiftelsen Treba si historie er ikkje gammal, men dei fyrste spora går likevel 13 år attende i tid.
Sigurd Øie besøkte Ukraina fyrste gong i påska 1998. Denne turen gjorde eit stort inntrykk, og møtet med nauda og den hjartelege gjestfridomen til ukrainarane sette djupe spor. I åra 1998-2004 besøkte han Ukraina åtte gonger, både i samband med hjelpearbeid og i samband med at han gifta seg der med ukrainske Nadiya.
Vinteren 2004 flytta dei til byen Uzhgorod for å vere med i eit hjelpearbeid som ein anna norsk stiftelse stod i spissen for. Viktige oppgåver i denne tida var å skaffe informasjon til norske gjevarar, og syte for husrom til norske grupper som kom for å sjå på arbeidet.
Frå januar 2006 starta Sigurd og Nadiya eit eige arbeid med særleg fokus på å hjelpe eldre menneske i byen. Dei gjekk i gong med ei besøksteneste til eldre, der utdeling av matvarer, klede og medisiner og sosialt samkvem stod i sentrum. Stundom var det også familiar og sjukehus som fekk hjelp.
Sommaren 2006 vart det arrangert ein “Ukraina-kveld” på Sigurd sin heimstad, der det for fyrste gong vart samla inn pengar til arbeidet i offentleg samanheng. Det vart oppretta ein eigen bankkonto for dette føremålet, og sett i gang arbeid for å etablere ei foreining. Det melde seg også nokre faste gjevarar til hjelpearbeidet, men det viste seg rett nok vanskeleg å få organisert arbeidet i fastare former.
17. januar 2009 vart Stiftelsen Treba ein realitet, med god hjelp av tidlegare studiekameratar av Sigurd. Fem gode vener samla seg i Oslo til etablering av ein ny stiftelse, og fekk juridisk godkjenning sommaren same året.