Gåve til arbeidet

Dersom det du har lese eller sett bilete av på desse sidene har gjort inntrykk, vil me med frimod gjerne be om ei gåve til arbeidet vårt:

Bankkonto: 3353.12.23034

Stiftelsen Treba er naturlegvis avhengig av pengegåver for å kunne drive eit effektivt og målretta hjelpearbeid i Ukraina. Alle gåver vil difor vere av stor tyding.

Allereie frå før stiftelsen vart ein realitet i 2009, har det vore ein handfull med engasjerte gjevarar som kvar månad har sett av ein sum til vårt arbeid, ved å ordne med månadlege overføringar til vår bankkonto. Dette er ei svært velkomen støtte, og me vil gjerne oppmode fleire om å ta del i ei slik fast gjevarteneste.

Me vil gjerne takke alle som til denne tid har gjeve sitt bidrag til at me kan få hjelpt menneske i naud. Utan dykkar støtte er det mange som ville ha gått ein vanskelegare morgondag i møte.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>