Velkomen til Stiftelsen Treba

HalynaStiftelsen Treba er ein offentleg godkjend stiftelse, som støttar kristent hjelpearbeid blant fattige, sjuke og einsame menneske i Vest-Ukraina.

Du kan lese meir om oss og arbeidet vårt ved å klikke på menyen ovanfor.

Lagt inn i Nyheiter | Skriv eit innspel

17. mai i Uzhgorod

Det norske flagget vaiar over Uzhgorod

Gratulerer med dagen, de som har hatt norsk 17-mai-feiring på programmet! For ein nordmann i Ukraina er dagen i dag ei viktig påminning om kva for nokre verdiar og goder som er verd å kjempe for. Nordmenn busette i Noreg eller i andre vestlege land har rettar, fridom og velstand som ein i her Ukraina berre kan drøyme om.

Her er lite som minner om norsk 17. mai-feiring. Ingen barnetog, ingen lyd av musikkorps, ingen unormalt stor etterspurnad etter pølse, is og brus. Berre ein heilt vanleg dag, med skule og arbeid. Difor har me brukt ein del av nasjonaldagen til å oppdatere meir informasjon på facebook- og internettsida vår.

Lagt inn i Nyheiter | Skriv eit innspel

Nye internettsider

Me har endeleg lært oss litt meir om internettpublisering, og er i ferd med å oppdatere internettsidene våre. Desse sidene vil vonleg vere klare i løpet av dei neste dagane.

Ein god del uventa dataproblem i Ukraina kan gjere at ting ikkje virkar som dei skal, medan me no legg ut meir informasjon.

Me har eit stort lager av biletmateriale, og det er nettopp dette som er vanskeleg å få lagt ut akkurat no. Difor ber me om forståing om det no i byrjinga kan bli ein del reine tekstsider.

Lagt inn i Nyheiter | Skriv eit innspel